Hjelpemannskapa

Igjen er me oppe i ei hending som krev stor innsats av hjelpemannskap. Alt frå hjelpekorpsfolk, mannskap frå Norske Redningshunder, Hordaland Alpine Redningsgruppe, Voss Rafting og andre frivillige har lagt ned utalege arbeidstimar i løpet av helga.

I tillegg kjem brannmenn, politi, helikopterfolk, kommunetilsette og andre som er på jobb.

Det er imponerande å sjå kor mange som stiller opp, og som er på plass i løpet av utruleg kort tid. Alarmen har ikkje for vel gått, før Voss Røde Kors Hjelpekorps har mannskap utrykningsklart ved Palmafossen. Frivillig mannskap kastar frå seg det dei har i hendene på heimebane. Anten det er kvardag eller helg, som i dette tilfellet, rykkjer dei ut for å hjelpa folk i naud. Etter kort tid kjem også forsterkingar frå hjelpekorps i nabokommunane.

Mange ofra også nattesøvnen, for å vera med på søket etter den sakna elvepadlaren. For ei bygd som Voss, med så utruleg rikt liv av aktivitetar, er det gull verdt å ha desse hjelpemannskapa.

Dei siste åra har det vore sett søkeljos på at hjelpemannskap ikkje alltid får fri med løn når dei deltek i redningsaksjonar. Som regel går det bra for dei som er offentleg tilsette.

Derimot har fleire som arbeider i private verksemder problem med å få fri med løn til slike aksjonar. Dagane dei er borte frå arbeid for å delta i redningsarbeid, må dei ta som ferie eller avspasering. Det er ei belasting dei ikkje treng. På sikt kan dette føra til at fleire trekkjer seg frå hjelpearbeid. Røde Kors har fleire gonger teke opp denne problemstillinga.

Det er å håpa at alle arbeidsgjevarar gjev tilsette fri med løn når dei deltek i redningsarbeid. For ei kvar verksemd må det vera ein stor fordel å ha engasjerte og samfunnsansvarlege medarbeidarar.

 

Kilde: http://www.avisa-hordaland.no/meiningar/leiar/article6123770.ece

Arkiv

Kategorier

Om Fana Røde Kors Hjelpekorps

Orgnr. 971 352 264
Korpsleder: Øyvind Stegen
Operativ leder: Synnøve Frotjold
Administrativ leder: Ole Myhre

Telefon: 55 91 02 02
Mobil: 934 36 880 (vakt telefon)
(kun viktige henvendelser)
E-post: fanarkh@fanarkh.no