Sakna jente (17) funnen død

Den 17 år gamle jenta som har vore sakna i Fana i Bergen er funnen død.

Det stadfester Hordaland politidistrikt.

– I samband med leiteaksjon etter ei 17 år gammal jente i Fana er det funne ein død person, som vi trur er den sakna. Det er per no ingen grunn til å tru at ho er utsett for noko straffbart, skriv operasjonsleiar Jan Steimler i ei pressemelding måndag kveld.

Ifølgje bt.no skal det ha vore forbipasserande joggar ha oppdaga avdøde i turområdet Hordnesskogen i Fana. Vedkommande varsla politiet.

Søket etter 17-åringen vart trappa opp måndag ettermiddag, og store leitemannskap søkte i terrenget etter jenta.

Den 17 år gamle jenta har vore sakna frå heimen sin i Fana sidan sundag kveld. Ho gjekk frå heimen i 20-tida, og sidan er det ingen som har hatt kontakt med ho.

Seint sundag kveld melde foreldra til jenta ho sakna, og kring klokka 23 same kveld byrja leitemannskap å søke etter jenta. Natt til måndag vart det søkt i områda Blomsterdalen, Hjellestad, Hordnesskogen, Steinsvikveien, Grimseidveien og Skjold i Fana.

Leitemannskap frå Røde Kors, hundepatrulje frå politiet, samt hundar frå Norske Redningshundar og Sivilforsvaret har leita etter 17-åringen.

 

Kilde: http://www.nrk.no/hordaland/sakna-jente-funnen-dod-1.11421631

 

Arkiv

Kategorier

Om Fana Røde Kors Hjelpekorps

Orgnr. 971 352 264
Korpsleder: Øyvind Stegen
Operativ leder: Synnøve Frotjold
Administrativ leder: Ole Myhre

Telefon: 55 91 02 02
Mobil: 934 36 880 (vakt telefon)
(kun viktige henvendelser)
E-post: fanarkh@fanarkh.no